Bibelen på teater

Julegåve med meining. Christelfondet vil oppfordre til å gje ei oppleving til ein du er glad i. Ei julegåve med meining.

Vi er stolte over å kunne stå som arrangør for to kvalitetsarrangement i februar og mars.

 

Måndag 18. februar får vi besøk av skodespelar Svein Tindberg, biskop i Møre, Ingeborg Midttømme og tidlegare teatersjef ved Det Norske Teateret, Vidar Sandem. Tema: Bibelen på  teater.

Svein Tindberg har i rundt 10 år spelt monologteater med tekster frå Bibelen. Han har spelt Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og Abrahams Barn. Han har no spelt Abrahams Barn på teateret i Oslo i over fem år og han har spelt nesten 300 forestillingar.

 

Kva er det med Bibelen og teater? Kva er det som gjer det mogleg å spele teater med tekster frå Bibelen i år etter år? Kvifor er Bibelen meir interessant på teater inn i kyrkja?

Svein Tindberg vil spele utdrag av tekstene sine. Vidar Sandem vil stille kloke spørsmål og biskop Ingeborg Midttømme vil meine mykje om det at Bibelen har blitt teater.

 

 

Måndag 4. mars  kjem Helene Sandvig på besøk. NRK-journalisten som er programleiar i serien «Helene sjekker inn». Helene Sandvik har i tur og orden sjekka inn på institusjonar og møtt utsette og marginaliserte grupper i vårt samfunn. Ho viser i denne serien ein eineståande evne til å kome i kontakt med folk, til å kome under huda på folk og til å vise folk respekt.

Helene Sandvig kjem til Åndalsnes for å fortelje oss  korleis ho arbeider, korleis ho involverer seg sjølv og korleis ho har klart å kome på innsida av institusjonar der journalistar normalt ikkje kjem til.

 

Kjøp billettar til begge arrangementa til redusert pris: 

Foredragspakke



Billetter til Bibelen på teater

  1. Man 18. feb kl 19:00 250 kr   Trollstolen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_