Bygdebok for Rauma

Om å førebu og gjennomføre eit bygdebokprosjekt i ei stadig meir digitalisert samtid, der også dei tradisjonelle finansieringsformene er under press.

Rauma historielag har i nokre år hatt arbeid med ei bygdebok av busetnadssjangeren på arbeidsprogrammet.

Dei siste to-tre åra har laget vore pådrivar for eit dugnadsbasert arbeid med å dataregistrere kyrkjebøkene for kommunen og publisere desse på den ope tilgjengelege nettstaden Digitalarkivet. Det er eit arbeid som mange allereie har fått glede av, og det er eit nødvendig førebuingsarbeid for ei slik bygdebok.


Det blir foredrag og diskusjonsøkt.

Stad: Kulturhuset (Romsdalshorn), Åndalsnes kl. 14.00-17.00.

Arrangør: Rauma historielag i samarbeid med Høgskulen i Volda.


Billetter til Bygdebok for Rauma

  1. Lør 21. sep kl 14:00 Romsdalshorn Gratis
Vis hele programmet
_
_
_