Christelfondet

Bokbad med forfattar Berit Rødstøl

Velkommen til litterær samtale på Rauma kulturhus fredag 11. desember klokka 19.00.


Forfattar Berit Rødstøl frå Verma er aktuell med romanen "Etter punktum". Møt Berit i samtale med forfatter og programleder Angela Hagen fra Torvik. Romanen "Etter punktum" handlar om at ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt.


Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om retten til å sørgje og om å arve ein annan si skuld. Jan Askelund i Stavanger Aftenblad gav romanen terningkast fem og skriv "Med litterært kammerspel og nokre få stillferdige røyster klarer Berit Rødstøl det kunststykket det er å skape ein vakker roman av alt det fæle og vonde som "Etter punktum" ellers er så nådelaust spekka med. Endre Ruset i Romsdals Budstikke gav romanen terningast fem. "En mollstemt roman som tilfører lys og luft av strigent stilbeherskelse og dempet prosa". For den som vil bli bedre i norsk er det ingen dum idè å begynne med å studere språket i nettopp denne boka". 


Berit Rødstøl  (f.1979) er forfattar, innholdsprodusent og dokumentfilmskapar. I 2010 debuterte ho med romanen Himmelreisande, som handlar om hunden Laika som vart send ut i verdsrommet i 1957. Ho har også gitt ut Frøppeldunk (2015) saman med Christian Fjeldbu (illustratør). Etter punktum er henner andre roman. Angela Hagen voks opp utanfor Åndalsnes og bur i Molde. Teaterstykket henner Hundedagane blei oppført våren 2012 på Barneteatret Vårt i Ålesund. Hagen debuterte i 2011 med novellesamlingen Mørk bil bak, som fikk svært god mottakelse. Oljeregnbuar er henner første roman og blei utgitt på Oktober forlag i 2015. 


Arrangementet er støtta av Forfattersentrum.


Billetter til Christelfondet

  1. Fre 11. des kl 19:00 Biblioteket Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_