Klypa

Klypa: 20 år og like forbanna

Kjellen og co. har hatt ei meeeget ufrivillig pause i turnèlivet, og slår no tilbake for fullt!


I 20 år har denne herlege gjengen berika liva til folk i heile Noregs land, og no er det klare for å feire 20- års jubileum. Premiere blir det sjølvsagt på Ørsta kulturhus før Klypa legg ut på "verdensturnè". Laurdag 23. oktober kjem showet til Rauma kulturhus.


Showet har fått tittelen "20 år og like forbanna". Og har det nokon gong vore eit betre tidspunkt til å fortelle om alt ein kan verte forbanna på? Neppe! Ord kan ikkje beskrive dette showet, det må berre opplevast- så hiv det rundt og kjøp billett! Vi gledar oss!


Billetter til Klypa

  1. Lør 30. okt kl 19:00 Trollstolen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_