Klypa presenterar: Global utblåsing

Endeleg kan Klypa igjen stolt presentere eit flunkande nytt Klypa-show! «Global Utblåsing» sjokkerer i kjent Klypa-stil, samtidig som tematikken er høgaktuell. Du vil garantert møte ein eller fleire karakterar som minner deg faretruande mykje om nokon du kjenner.

Eller er det rett og slett deg sjølv vi ser ei tolking av på scena?

 

Dette vert tidenes galskap, sett gjennom augene til ikkje mindre enn sju forskjellige Klypa-figurar! Alle har dei si heilt spesielle oppfatning av korleis livet på jorda er blitt i desse klimatider, og alle er sterkt påverka, både på jobb og på privaten, av klimajaget og alle meiningane som florerer om temaet. 

 

På toppen av det heile slit dei også med «me too», kjærleikens opp og nedturar, og ikkje minst pressar Kjellen på, med sine fanatiske tankar om trening og kosthald. Saman finn dei trøyst gjennom musikken, og startar bandet «Vasslaust», der dei spelar ut sine frustrasjonar. Det er nok ikkje feil å seie at dei er inspirert av visse lokale band, som gjer det særs godt rundt om i heile landet!

 

Alt dette blir til saman eit heidundrandes show som kan hende endrar deg for alltid. Kven veit?

Spenn deg fast atter ein gong, og bli med på denne fantastiske reisa! Du vil ikkje angre!

 


Billetter til Klypa presenterar: Global utblåsing

  1. Fre 18. sep kl 20:00 450 kr   Trollstolen Salg ikke åpnet
Vis hele programmet
_
_
_