Linda Eide: Oppdrag Mottro

Endeleg kan publikum få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm og vittig soloframsyning, der ho utforskar livet til si eiga mor og det mytiske omgrepet gamle dagar. Dette er ei personleg jakt i ei felles fortid, ei tankevekkande framsyning med mat til både hjarte og hovud. Latteren sit laust, men bak den lurer også ei tåre.

"Oppdrag Mottro" var spelt på Hordaland Teater i Bergen hausten 2018 til stor suksess med fulle hus, og framsyninga fekk veldig gode kritikkar i pressa:

  

Bergens Tidende:  

«Med hjerte og hjerne! I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig. Det er et stykke norgeshistorie, en morsom forestilling og en rørende seanse».…. «Og til sist: for en scenepersonlighet Linda Eide er. Skulle tro hun aldri hadde drevet med noe annet enn scenekunst» 



Bergensavisen: 

«Linda Eide er en mester i å trekke linjer. Hun trekker linjer mellom tid, sted og mennesker»... «Det er den Knausgårske metode, og det er Linda EIdes metode. Jeg tror Mottro, eller mamma Eide, er glad datteren ikke valgte førstnevnte.» 



Dag og Tid, Jan Landro 

«Med Oppdrag Mottro har Hordaland Teater, som har flytta frå Fana til Bergen sentrum, vunne nok ein siger og synt både bergensarar og strilar at det finst eit godt nynorskteater i hjarta av byen»  



Avisa Hordaland: 

«Trampeklapp for Linda og Mottro» 

«Kor mange gonger har me ikkje høyrt at den store kunsten ligg i å gjera det personlege og eigenopplevde til noko allment attkjenneleg? I så måte er Linda Eide sin monolog Oppdrag Mottro stor kunst.» 


___________________________________

Av og med Linda Eide

Regi: Arvid Ones
Mottro si stemme: Liv Bernhoft Osa

Scenografi: Olav Myrtvedt
Lys: Einar Bjarkø
Video: Einar Bjarkø, Linda Eide
Video og lyd tilrettelegging: Mathias Grønsdal

Produsert av Det Vestnorske Teateret i samarbeid med HiHat
Framsyninga varer i 1 time og 20 min utan pause.



Billetter til Linda Eide: Oppdrag Mottro

  1. Man 16. mar kl 19:00 Trollstolen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_